• logo

Atterljomen - Tonar i tre (2019) [Hi-Res]

Atterljomen - Tonar i tre (2019) [Hi-Res]

BAND/ARTIST: Atterljomen

  • Title: Tonar i tre
  • Year Of Release: 2019
  • Label: Talik Records
  • Genre: Folk
  • Quality: MP3 320 kbps; 16-bit/44.1kHz FLAC; 24-bit/96 kHz FLAC
  • Total Time: 44:18 min
  • Total Size: 109; 264; 938 MB
  • WebSite:
Tre år etter suksessen med albumet Atterljomen, som vart heidra med Folkelarmprisen i 2016, er trioen med same namn nå ute med ei ny spennande plate som inneheld tradisjonsmusikk frå Ottadalen. Dei meritterte felespelarane frå Lom har henta slåttekomposisjonar av 17 spelmenn i Lom og Skjåk som dei har tolka og arrangert på sin måte. Sjølv om dette strengt tatt er komposisjonar, meiner dei likevel at slåttane er så tradisjonelle i uttrykket at det like så godt kunne vore av eit mykje eldre opphav.

- Det å lage slåttar i tradisjonell stil har alltid vore vanleg i bygdene våre. Over tid har mange av desse slåttane vorte så integrerte i tradisjonen at ein mest ikkje tenkjer over at det er ein komposisjon. Det er noko av styrka til tradisjonsmusikken vår, og kanskje ei av forklaringane på det enorme repertoaret vi har i Ottadalen og Gudbrandsdalen, seier Aslak Brimi, årets vinnar av feleklassa på Landskappleiken i Vågå.

I tillegg til lydfestinga av slåttar av eldre spelmenn, har dei laga kvar sin slått spesielt til denne utgjevinga.
- Vi har gjort vårt beste for å la slåttane våre spegle det tradisjonelle uttrykket i distriktet vårt. Eg har laga ein halling; Aslak har laga eit tonestykkje som munnar ut i ein suggererande springleik; og Bjørn Kåre har laga ein skikkeleg «groovy» reinlender, fortel Astrid Sulheim.

Utvida trio

Det som kanskje skil denne plata mest frå den førre, er at trioen har fått med seg ein gjesteartist. Anders Löfberg frå Småland i Sverige bidrar med cello på fire runddansslåttar som Bjørn Kåre Odde har arrangert ut for to feler, bratsj og cello.
- Sjølv om dette er ein tradisjonell, klassisk strykekvartettbesetning, mistar ikkje slåttane det folkemusikalske preget av den grunn. Måten eg arrangerar på og måten vi spelar det på sørger for det. Eg tykkjer innslaget av ein utvida trio med ein grom cello i botn kler plata godt, og gjer han meir variert og heilstøypt, seier Odde.

200 unike CD-cover

Trioen legg ut på ein turné i samband med plateutgjeving. Dei startar på Lillehammer i stova til Camilla Granlien og Niels Røine onsdag 18. september. Vidare skal dei mellom anna til Oslo og Gjøvik. Totalt skal dei ha åtte konsertar på Aust- og Vestlandet. Med seg i bagasjen har dei det fysiske formatet av albumet, og denne gongen har dei gjort seg ekstra flid i arbeidet med coveret.
Musikarane har latt kunstnarane i seg koma fram i andre former enn berre gjennom musikken: 200 av platene er spesiallaga ved å trykke eigne tresnitt. Kvart cover er unikt og eit lite kunstverk i seg sjølv.

Tracklist:
01. Atterljomen - Gammel-Håmmårn (2:47)
02. Atterljomen - På reisefot (2:52)
03. Atterljomen - Nordavind (2:43)
04. Atterljomen - Fantestein´ (2:17)
05. Atterljomen - Ilva (2:58)
06. Atterljomen - Anton Marstein og Gammel-Bøa (2:52)
07. Atterljomen - Eldstejenta (3:21)
08. Atterljomen - Tuss-Ola (3:25)
09. Atterljomen - Sankthansdagen (3:38)
10. Atterljomen - Masurkaen hass Einar Turtum (1:39)
11. Atterljomen - Live (4:20)
12. Atterljomen - Ljosligauken (2:34)
13. Atterljomen - Ida (1:58)
14. Atterljomen - Siste valsen 'n Sigurd Eggen lågå (1:44)
15. Atterljomen - Trippen (1:58)
16. Atterljomen - Skjellbergjen og Fyrugubben (3:14)

As a ISRA.CLOUD's PREMIUM member you will have the following benefits:
  • Unlimited high speed downloads
  • Download directly without waiting time
  • Unlimited parallel downloads
  • Support for download accelerators
  • No advertising
  • Resume broken downloads